Hareid reiste torsdag kveld til Godøya og møtet med eit heimelag på desperat poengjakt.

For med tap i denne kampen ville vegen til neste års 5.-divisjon vere temmeleg kort for heimelaget.

Godøy vann også sist kamp, 5–4 over botnkollega Norborg, medan Hareid tok eit sterkt poeng heime etter 0–0 mot Bergsøy.

Men sjølv om Hareid klarte å halde nullen mot topplaget Bergsøy, skulle det ikkje gå like bra mot eit Godøy-lag som kjempa med nebb og klør for å unngå nedrykk.

Faktisk tok det berre tre minutt før heimelaget tok leiinga ved Trond Brynestad, og det skulle ikkje ta veldig lang tid før vondt vart verre for Hareid.

Ti minutt seinare var Brynestad nest-sist på ballen etter ein corner, og heada ballen vidare til Bjarte Tomren som kunne sette inn heimelagets andre for kvelden.

Derfrå skulle det også gå berre om lag ti minutt før kveldens tredje ball måtte plukkast ut av Hareid-målet. No etter eit frispark som vart heada i mål av Erik Daniel Dyb.

3–0 var resultatet ved pause, og sidan ingen av laga teikna seg på scoringslista i den andre omgangen vart det også sluttresultatet på Godøy.

Det vil seie at Hareid gjekk på sitt tredje tap på dei siste fem kampane, og felles for alle desse er at Hareid ikkje har scora i nokon av dei. Med 0–0 mot Bergsøy sist så har fire av dei fem siste kampane enda utan Hareid-scoring, og etter tapet på Godøya er det faktisk ingen som har scora færre mål enn Hareid i 4.-divisjon denne sesongen.

Likevel har Hareid gode sjansar til å hamne på øvre halvdel i avdelinga med to kampar att. Skarbøvik sitt poeng heime mot LGFK torsdag sørga for at dei passerte Hareid på betre målskilnad, men Hareid har framleis taket på 6.-plassen.

I sine to siste kampar skal Hareid møte Rollon heime på Hareid, før sesongen blir avslutta borte mot Norborg.