Karina Larsen fortel at Hareid har ei gruppe på 12 gutar fødde 2003-2007 som har trent gjennom heime vinteren og som har hatt det veldig kjekt med handballen, men gruppa har for stor aldersskilnad til at ein kan melde opp eit lag til seriespel.

Difor ønskjer gutane seg fleire lagkameratar fødde i 2003/2004.

- Vi håpar på å få med nok spelarar til at vi kan stille eit G13-lag på Hareid neste sesong, fortel Larsen.

Dei siste åra har handballen på Hareid opplevd sterk vekst, og Larsen legg til at ein difor også har behov for fleire trenarar og hjelpetrenarar i klubben.