Det var regntunge forhold i Bergen i helga då Sveinar Øvrelid, Bjørnar Sunde Gjerde, Benjamin Mork Kleppe og Per Bernt Aske frå Sunnmøre golfklubb drog i land andreplassen under lag-NM i golf.

– I tillegg til å vere ei tøff bane frå før av, gjorde regnvêret den både våt og ekstra krevjande. Det var skikkeleg dritvêr heile helga. Men kanskje vi nettopp difor hadde ein fordel i og med at vi er van med å trene i slike forhold her heime på Sunnmøre, seier sølvvinnarane.

Turneringa gjekk over to dagar, konkurransen stod mellom 16 lag og var for dei som er kjend med golf, i Ryder Cup-format. Fyrste dagen spelte dei «foursome» og «fourball», medan andre dagen spelte dei individuelt.

– Sjølv om det er lag-NM spelar vi individuelt. Det er ikkje slik at vi står med fire hender på kølla, seier Sunde Gjerde.

På slutten av turneringa vart alle poengsummane frå dei to dagane lagt saman, og resultatet sikra laget frå Sunnmøre golfklubb andreplassen. Klubbane til laga som hamnar blant topp tre får i tillegg direkte opprykk til fyrste divisjon.

– Vi er stolte og glad over andreplassen og opprykk til fyrste divisjon, sjølv om det vil bety både tøffare motstand og baner i turneringa neste år, seier dei.

Etter fyrste dagen låg dei samanlagt an til å få ein femte plass, men spelte seg opp heile tre plassar på andre og siste dagen av turneringa.

– Tidlegare har vi hatt som mål og ikkje hamne på botnplass i divisjonen, men i denne turneringa håpte vi å hamne som topp fem, slår dei fast.

Det gjekk med andre ord over all forventning for Sunnmørskarane som betegnar seg som hobbygolfarar. Det er likevel nokre år med golferfaring som har gjort det mulig for dei å kvalifisere seg til lag-NM  og seinare gav dei andreplassen i turneringa.

Dei har trent jamt og trutt i over ein månad før NM. Fyrst var det innbyrdes kvalifiseringsrunder for Sunnmøre golfklubb for litt over to veker sidan, og etter det var klart at dei fire hadde kvalifisert seg, fekk dei også trent litt saman for turneringa.

Håper på auka engasjement

Golfarane håper at fleire no vil bli inspirert til å prøve seg på golf.

– Vi oppmodar alle, også fleire unge, om å byrje å spele golf, til å ta kurs og bruke bana meir. Sjølv om det baserer seg på individuelle ferdigheiter, er golf ein svært sosial sport, seier dei.

– Dessutan treng du ikkje vere atlet for å drive med golf, seier Øvrelid.

Mike Henderson tek godt i mot alle som ynskjer å gi golf eit forsøk. Alle er velkomne til Sunnmøre golfklubb.

– Bli med!, oppmodar dei entusiastiske golfarane.