Trenar Steinar Lein var nøgd med at Hødd endeleg klarde å få med seg eit poeng på bortebane, men skjuler ikkje at dei helst skulle fått med seg alle poenga heim til Ulsteinvik.

«I dag fortener vi å ta alle poenga. Vi kjem til flest sjansar og får ein veldig stor heilt i byrjinga av kampen. Dessverre scorar KFUM på sin einaste sjanse i omgangen etter berre 10 minutt»

-Vi spelar oss opp i løpet av omgangen og etter pause er vi klart best. 20 minutt ut i den andre omgangen utliknar vi, men vi klarer dessverre ikkje å score vinnarmålet slik at vi kan ta med oss alle tre poenga heim, sa Lein etter kampen.

-Er ikkje det godt å endeleg få pynte litt på bortestatistikken?

-Jo, sjølvsagt er det det! Det er viktig at vi byrjar å ta poeng borte også. Vi spelar ein godkjent bortekamp der vi er det beste laget både sjansemessig og spelmessig, det lover godt for haustsesongen, avslutta hovudtrenaren.

No har spelarane ferie og skal lade batteria fram til oppstart 22.juli. Neste kamp er heime mot Kristiansund 2.August.