Hødd 2 spelar bortekamp mot Aalesund 2 laurdag ettermiddag. Det er Hødds nest siste tredjedivisjonskamp før ferien.

AaFK 2 har hatt ein god vårsesong og leiar avdeling 8 med 26 poeng - på målforskjell framfor Sogndal 2.

Hødd har også gjort det godt i vår, men tapte 3-2 heime mot Sogndal 2 måndag. Hødd har 17 poeng og ligg på sjetteplass.

Heile runden med våre tips:

* I dag (fredag): Spjelkavik - Skarbøvik (H)

* Laurdag: Arna-Bjørnar - Norborg (H), Sogndal 2 - Tertnes (H), Årdal - Stryn (B), Bergsøy - Tornado Måløy FK (H), Aalesund 2 - Hødd 2 (U), Eid - Larsnes/Gursken (H).