Laurdag spelte Hødds damelag sin siste heimekamp i vårsesongen mot Clausenengen. I kveld reiser dei til Molde for å revansjere eit 5-0-tap frå tidlegare i vår.

Kampen i kveld blir også truleg kaptein Ragnhild Ertesvågs siste kamp i den blåkvite Hødd-trøya.

– Det ser slik ut akkurat no ja. Neste heimekamp er vel seint i august, og eg reknar med at eg har flytta til då, seier Ertesvåg, som flyttar til Bergen for å studere denne hausten.

– Vemodig

At Hødd-karrieren no går mot slutten, er det blanda kjensler over for 20-åringen.

– Det blir vemodig å ikkje ta på seg Hødd-drakta igjen på Høddvoll, for eg har jo spelt her i 12 år. Så det blir litt keisamt, men samtidig skal det bli godt å finne seg ein ny klubb også, forklarar Ertesvåg.

– Har du funne deg ein ny klubb i Bergen?

– Ikkje enno, men eg får begynne å ta kontakt med klubbar og så får vi sjå kvar eg endar opp, smiler ho.

Står over

Kampen mot Træff er lagets nest siste kamp i vår, ettersom dei også skal spele borte mot serieleiaren Byåsen til helga igjen.

Då skal Ertesvåg ikkje vere med, ifølgje seg sjølv.

*

Andre resultat i 2.-divisjon:

Laurdag:

Stryn - Trondheims-Ørn II 0-5

Nidelv - Volda 5-3

Sunndal - Verdal 3-2

Søndag

Tynset - Byåsen 1-1