Den eine rekorden sette 11 år gamle Karsten Warholm, Dimna, som sprang 60-meter på 8.54, og dermed sletta Bjørn Olav Johansen (Hødd) sin tidlegare aldersrekord på 8.68. Warholm vann også lengdehopp med eit hopp på 4,84. Den andre nye aldersrekorden stod Dimnas 18-åring Kamilla Sporsheim for. Ho hoppa 2.30 i stavsprang, som er 20 cm over Hildegunn Holten sin tidlegare fylkesaldersrekord i klassa. Vi kjem tilbake med nærare resultatservice i tysdagsnummeret av Vikebladet Vestposten.