Oddbjørn Lie har skrive under for Ham/Kam.

Hødd sin venstreback Oddbjørn Lie reiser neste veke til Hamar for å prøvespele for Hamarkameratane.

Dette melder Fotball.Aftenposten.no

HamKam rykte denne sesongen opp til Adeccoligaen tre poeng foran KFUM Oslo.

Til Sportsnyheitsbyrået seier Lie at det er kjæresten i Hamar og døtra i Oslo som gjer at han ønsker å flytte på seg.

- Eg har lyst til å vere nærare dei også, fortel 23-åringen.

Lie var ute store delar av Hødd sin opprykkssesong grunna Gilmores Groin, men kom sterkt tilbake etter vellukka operasjon.