Victor Grodås har forlenga kontrakta si med Hødd til 2013. Foto: per werkeland

Victor kom til Hødd før 2011-sesongen frå LSK, men fikk ein lei start då han skada menisken i førsesongen.

Sakte men sikkert kom Victor i godt slag utover hausten, og fekk vist sitt potensiale på slutten av sesongen.

Sportssjef Andrè Nevstad seier til hodd.no at klubben er godt nøgde med at 20-åringen har forlenga kontrakta, og ser fram til å følgje utviklinga til Victor dei komande sesongane.

Hovudpersonen sjølv trivast veldig godt i Hødd og Ulsteinvik, og ser fram til nye spennande år i Hødd-drakta.