Det enda mållaust i lokaloppgjeret mellom Hødd 2 og Hareid. Underhaldningsverdien var låg, ettersom det knapt blei skapt ein sjanse i løpet av heile kampen. Hødd hadde ballen mest, men dårleg presisjon i pasningsspelet og lite kreativitet prega spelarane. Hareids Joachim Moldskred var farligast frampå med ein dobbelsjanse etter 81 minutt.