Hareid mangla Kim-Tore Husøy, som hadde skora 9 mål på dei 6 første kampane. Han var i karantene på grunn av raudt kort i siste kamp. I hans stad spelte 14-åringen Fredrik Aursnes frå start - og han fullførte også kampen for Hareid.

Poenget var Hareid sitt første på bortebane mot Hødd2 sidan 2004 då Hareid vann denne såkalla "Battle of Hareidlandet"-kampen med 5-1. I alle år etter har Hødd vunne heimeversjonen av nabooppgjeret.

Hareid ligg no på 3.-plass på tabellen med 13 poeng på 7 kampar. På dei to første plassane ligg Herd og Bergsøy med 21 og 18 poeng. Komande fredag skal Hareid spele mot Bergsøy på Hareidsmyrane stadion.

Hødd2 ligg på 4.-plass med 10 poeng etter 6 kampar. Same poengsum har Brattvåg på 7 kampar.