Astri-Louise deltok i favorittøvinga kule – og sette ein solid personleg rekord som sikra henne gull. Astri-Louise forbetra sin personlege rekord frå 9,99 m frå sist helg i Sykkylven til heile 10,35 m. Ho var den einaste av 17-årsjentene som støytte over 10 meter, og sikra seg dermed ein klar siger. I tillegg til vinnarstøytet hadde ho også eit støyt på 10,32 meter. Vinnarresultatet er også godt over junior-NM-kravet på 9,50 m.

5.-plass til Torbjørn Gurskevik Knotten

Ein annan dimning, Torbjørn Gurskevik Knotten, tok ein fin 5.-plass under første dag. Han deltok i kule og støytte 11,80 m. Dette var berre 5 cm bak persen frå sist helg i Sykkylven. Trass i eit støyt heilt opp mot persen var ikkje Torbjørn heil fornøgd med resultatet. For å ta bronse måtte han ha persa seg kraftig. Bronsemedaljen vart utdelt på resultatet 12,69 m. Maria Ringstad deltok på 1500-m søndag. Her kom ho på 4.-plass med tida 5.36,62. Maria klarte ikkje heilt å halde følgje på dei to siste rundene og måtte dermed nøye seg med 4. plass. 3. plassen var på tida 5.25,47, som er likt med Maria sin personlege rekord utandørs. Men manglande konkurransetrening innandørs gjorde nok at Maria ikkje klarte å halde oppe farta på dei to siste rundene.

Andre dimningar i aksjon

Renate Grimstad deltok i spesialøvinga høgde laurdag. Ho klarte ikkje heilt å kopiere hoppinga frå sist helg i Sykkylven. Denne gongen måtte ho nøye seg med 1,45 m. Dette heldt til ein 8.-plass. Søndag deltok ho på 200 m. Her var ho ikkje rask nok til å kome til finalen. Øyvind Brandal starta UM med 60 m. Han blei utslått i forsøket med tida 8,24 sek. Med denne tida var han fattige 9 hundredelar frå å gå vidare til semifinalen. Øyvind deltok også i lengde. Heller ikkje her hadde han marginane heilt på si side. Han hoppa 5,02 m. Dette var litt for kort til å bli blant dei 8 som gjekk til finalen. Han blei nr. 11 av 27 deltakarar. Øyvind deltok også på 200 meter søndag. Der fekk han tida 26,15, som er ny personleg rekord med 8 tidelar. Men det var ikkje godt nok til å nå finalen.