Begge laga hadde vunne begge kampane sine i kvalik-spelet for den sunnmørske 1.-div. 2007 - og var dermed kvalifiserte. I tillegg ville puljevinnaren få billett til årets NM-cup for juniorar. Den billetten tok ÅFK ganske greitt seg av. Laget leia 1-0 ved pause. Hareid var i periodar godt med i kampen, som ikkje var så ujamn som resultatet kan tyde på, meiner Hareid IL si nettside. Hareid-spelaren Åge Møgster fekk marsjordre mot slutten av kampen etter å ha pådrege seg sitt andre gule kort for dagen.