Hareid opna kampen klart best. Etter eit par store sjansar sette Kim-Tore Husøy inn 1-0 i det 14. minutt, men Herd utlikna i det 32. minutt. I 2. omgang skora Husøy nok ein gong - i det 48. minutt. Men svakt av Herd-keeperen. 2-1. Så fekk Herd straffe i det 70. minutt. Vagn Scheide Mork redda, men Herd skora på returen. 2-2. Hareid stilte slik: Vagn Scheide Mork - Nikolai Røyset, Bernt Åge Ulstein (Robin J. Indreflø), André Egset Nupen, Gunnar J. Ringstad, Marius Slettebakk, Espen Beiermann, Kim-Tore Husøy (Peter Paus), Per Ståle Nykrem, Remi Helleseth (André Skotheim), Even Hansrud. Kim-Tore Husøy vart utvist mot slutten av kampen, men Hareid fekk likevel lov til å sette innpå ein ny spelar. Hareid si nettside skriv at Hareid bar preg av å mangle sentrale spelarar som Howlid, Ytre-Hauge, Melø og Jørgensen.