(NPK-NTB) Det blei offentleggjort på ein pressekonferanse tysdag. Warholm blei verdsmeister på 400 meter hekk i London i fjor, men amerikanske Clement har i ettertid likevel hardnakka påstått at det er han som er den beste i verda i øvinga.

No møtest dei på ny på Bislett 7. juni.

Også under utgåva av Diamond League-stemnet i Oslo i fjor duellerte Warholm og Clement. Då gjekk nordmannen til topps, mens den erfarne amerikanske stjerna enda heilt sist.

22 år gamle Warholm gjekk også sigrande ut av duellen i Diamond League-finalen i Brussel i fjor.

Meritterte konkurrentar

– Eg er klar, eg, sa Warholm på pressekonferanse onsdag om Bislett-løpet som er rundt to månader unna.

Ulsteinvik-guten ser samtidig på cubanske Yasmani Copello som ein minst like tøff utfordrar som Clement.

– Han er ein dieselmotor og blir nok ein av dei aller farlegaste, slo Warholm fast om mannen som mellom anna blei europameister i 2016.

Copello tok også bronsemedaljen under Rio-OL same året, og i VM i fjor haust følgde han nærmast Warholm på resultatlista. Cubanaren har også vunne langhekkøvinga under Bislett Games tidlegare.

Superhelt

Sveitsiske Kariem Hussein blei europameister i 2014. I 2016 tok han EM-bronse. Også han blir ein mann å sjå opp for både på Bislett og når det skal kjempast om EM-medaljar i Berlin til sommaren.

Warholm stadfesta overfor NTB onsdag at han etter alle solemerke sesongdebuterer under Diamond League-stemnet i Roma 31. mai. Ei veke seinare skal han springa på Bislett.

– Du skal ikkje sjå bort frå at eg er i god form, smilte 22-åringen.

Bislett Games-arrangøren profilerer dei fremste norske utøvarane som superheltar før stemnet i år. Warholm har fått tilnamnet "Super-Karsten" på plakatane som skal lokka tilskodarar og merksemd mot stemnet.