Etter 16 serierundar har Hødd to poengs forsprang til Skeid på andreplass. Men fangsten på 34 poeng må plussast på ytterlegare dersom Hødd skal lukkast med å kome seg opp i OBOS-ligaen att.

Vålerenga på si side har 18 poeng etter like mange serierundar, og ligg på 10. plass før kampen, berre to poeng framfor Stjørdals-Blink, første lag under nedrykksstreken.

Du ser oppgjeret mellom Vålerenga 2 og Hødd i vindauget i toppen av saka. Kampstart er klokka 16.00, og oppgjeret blir spelt på Intility Arena i Oslo.