Hareid-spelarane var kvikke og aggressive frå starten av, noko som gav dei eit visst spelemessig overtak gjennom nær sagt heile første omgang.

Det vart knapt skapt éin einaste klar målsjanse dei fyrste 45 minutta, men Hareid tvinga fram ei rekkje frispark i gunstige posisjonar. Fleire av desse blei vunne av aktive Bendik August Engen då han skar inn frå sin venstrekant.

Både Engen og Ruben Kenneth Brandal hadde dugande forsøk direkte på mål frå rundt 20 meter, Engen kom nærmast å skore då han tvinga Larsnes/Gursken sin målmann ut i full strekk med ei god redning tidlig i første omgang.

Bortelaget brukte mykje tid på å ytre si misnøye over dømminga i kampen men sanninga var nok at dei var seige i steget og eit lite augneblink for seine i mange duellar mot kvikke Hareid-føter. Sandssokningane sleit med presisjonen, og Hareid-laget heldt dei komfortabelt frå livet gjennom første omgang.

Mållaust til slutt

August Julian Brandal var eit aktivum på topp for Hareid og slutta aldri å jage og prøve på å framprovosere situasjonar. Dei fleste på stadion trudde nok derimot at han var ferdigspelt då han klakka i bakken med bakhovudet i ein tøff duell med to forsvarsspelarar, heilt i starten av andre omgang.

Den hardtkjempande spissen kom seg på beina igjen etter ein pustepause på sidelinja. Han rista smellen av seg og gjekk i krigen på nytt. Han var nær ved å score med eit stolpeskudd i det 73. minutt og hadde også eit forsøk i sidenettingen. I det 78. minutt var også Lars Roar Holstad nær ved å score, med eit forsøk frå kloss hald etter klabb og babb i feltet på ein dødball.

Mot slutten sakk Hareid med slitne bein noko djupare i bana, og sandssokningane fekk gradvis eit initiativ. Larsnes/Gursken kraup nærmare og nærmare Hareid-feltet over tid. Då var det godt med Sigve Overå Hide i målet som ein trygg og ruvande skikkelse. Han fekk notert teljande redningar, men det vart ikkje meir enn halvsjansar for Larsnes/Gursken. Hareid sto bra i mot inn mot sluttsignalet.

- Konkurransedyktige

Sjølv om dei gjerne skulle tatt tre poeng og hadde dei klaraste sjansane i kampen framhevar Kenneth Moldskred viktigheita i at ein held tett det bakover.

- Vi er konkurransedyktige, vi er meir solide og robuste som lag og vi viser ei vilje og ein glød for å vinne fotballkampar. I dag gjorde vi ikkje det, men vi heldt nullen. Det må vi prøve å gjenskape neste gang samstundes som vi håpar på litt tur for å få med oss eitt eller to mål. Vi er det klart yngste laget i divisjonen. Vi går frå å vere slakteoffer - til litt mindre slakteoffer - til å vere konkurransedyktige. Vi er der vi er no, fordi vi er robuste og litt betre enn nokon av dei andre laga, seier Moldskred.

Kampfakta

Hareid – Larsnes Gursken 0 - 0 (0 – 0)

Hareid stadion

Tilskodarar: 50

Dommar: Zenun Murati, Giske IL.

Hareid: Sigve Overå Hide – Henrik Holstad, Martin Nikolai Longva, Lars Roar Holstad, Nauris Driksna (Fredrik Andresen 77) – Bendik August Engen, Gustav Bjørlykke Kløvning (Andreas Skotheim 88), Ruben Kenneth Brandal,  Benjamin Reite, Kim-André Lid Alvestad (Andreas Nesset 58) – August Julian Brandal

*** August Julian Brandal

** Sigve Overå Hide

* Bendik August Engen