Sidan A-laget til Hødd spelte kamp mot Brann måndag, og igjen skal i aksjon i NM mot Herd torsdag, var det eit svært ungt lag Kenneth Moldskred hadde med seg til bortemøtet med Florø 2.

Med fleire førstelagsspelarar på laget tok Hødd 2 eitt poeng i første kamp mot Herd, og eitt poeng blei det også frå kystbyen i Sogn og Fjordane.

Florø 2 hadde ein stor del av banespelet i kampen, spesielt i den første omgangen, men Hødd 2 kom meir med i kampen i løpet av den andre omgangen, og mot slutten hadde dei mogelegheita til å både ta med seg sigeren og til å kaste vekk det eine poenget.

Justerte seg inn

- Laget klarer seg veldig bra. Det er ei utfordring på fleire plan å ta laust på ein slik måte ein tysdag i skuletida. Vi opnar litt ruskete, men vi får justert oss på slutten. Det er nok det eg er mest nøgd med, at vi justerer oss inn og får brukt frustrasjonen til å samle oss og stå fram som eit betre kollektiv, fortel trenar Kenneth Moldskred frå bussen på veg heim frå Florø.

Moldskred fortel at Hødd 2 løfta seg utover i kampen og at han synest det var bortelaget som avslutta kampen best.

- Vi kunne vunne, og hadde vi vore skikkeleg uheldige så kunne vi scora på oss sjølv på slutten, men det gjer ikkje vi. Det er sjeldan vi spelar kampar utan å score mål, og det er heller ikkje så ofte vi spelar med så unge lag utan å sleppe inn mål. Det er vi veldig nøgde med, slår trenaren fast.

Utviklar nye hærførarar

Han meiner dei unge spelarane får veldig god læring av å ta turen til Florø utan meir rutinerte spelarar med på laget.

- Vi må utvikle nye hærførarar og det synest eg vi gjorde i løpet av dagen i dag. Dette er ein utviklingsarena, både teknisk, taktisk og individuelt, men også på mentalt plan. Når vi manglar litt rutine så må vi hurtigast mogeleg skaffe oss den rutina, og det synest eg vi gjer ein del av i dag.

Moldskred seier at det er litt kjipt at Hødd 2 ikkje får med seg scoring heim til Ulsteinvik, men legg til.

- Vi slepp heller ikkje inn mål og det er nesten det viktigaste i fotball, etter å score.

Kampfakta:

Florø 2 - Hødd 2 0 - 0

Florø kunstgras

Dommar: Vebjørn Nord Haugland, Eid IL.

Hødd: Ole-Monrad Alme - Audun Øvrelid, Eirik Sundgot Kristiansen, Mathias H. Grimstad, Martin Breivik, Daniel Haanes, Aleksander Rekdal, Bendik Rise, Karl Bringsvor, Isak Haanes, Håkon Brautaset

Innbyttarar: Sveinung Tilseth Sæterås, Sindre Thue og Amund Rasmussen.

*** Ole Monrad Alme

** Audun Øvrelid

* Mathias Grimstad