Etter ti scoringar på dei første 17 serierundane denne sesongen, måtte Eirik Ulland Andersen vente heilt til siste kamp, borte mot Brann, for å sette nummer 11. Scoringa sikra sigeren borte mot allereie opprykksklare Brann og sende Hødd opp på ein 4.-plass i Obos-ligaen.

- Det var heilt sjukt å sjå den ballen gå i mål. Det kjentes som om vi spelte ein enormt lang kamp i dag, men vi kjempa på med det vi hadde og når det ender på den måten, både for laget og for meg personleg, så er det ei heilt vill kjensle, fortel Eirik Ulland Andersen etter å ha fått ein skikkelg bamseklem frå sportssjef André Nevstad.

Ulland Andersen fortel at han ikkje har tenkt så mykje på manglande scoringar, sidan han heile vegen har kome til sjansar, men han legg ikkje skjul på at det var godt å avslutte sesongen med ei så viktig scoring.

- Det er utruleg deilig å score. Det er veldig sterkt av oss å snu det her nede. Det viser den ståpåviljen vi har i laget, den mentaliteten vi har og at vi aldri gir opp. Det viser også at vi har spisskompetanse i laget, når vi kan sette inn Shroot på slutten og han kan levere det som han gjer. Vi har gode spelarar og kjem uansett til sjansar.

No håpar Ulland Andersen at publikum i Ulsteinvik vil vere med på å hjelpe Hødd vidare frå første kvalifiseringsrunde.

- Alt kan skje, ein såg berre Mjøndalen som klarte det i fjor. Viser vi same innsatsen som i dag så kan vi nå langt.