Torsdag fekk Fredrik Aursnes sine første minutt for det norske U21-laget og måndag fekk Hødd-spelaren sjansen frå start mot Ungarn.

Norge sitt lag: Mathias Dyngeland - Kristoffer Haraldseid, Jonas Grønner, Marius Christopher Høibråten, Thomas Grøgaard - Fredrik Aursnes, Marius Lundemo, Iver Fossum, Mohamed Elyounoussi - Veton Berisha, Bård Finne.

Aursnes vart bytta ut etter 80 minutt på stillinga 2-0. Eitt minutt seinare fekk Ungarn reduseringa, men Norge heldt unna og vann til slutt 2-1 på Marienlyst.