Sigeren var fortent. Etter 11 minutt sendte Kenneth Søvik bortelaget i leiinga. Før pausesignalet utlikna Christer Mork for Hareid. Etter ein rusten første omgang, var Hareid klart best i 2. omgang, sjølv om Stordal også skapte nokre sjansar. Tre minutt på overtid vart Kim-Tore "Kimmen" Husøy matchvinnar då han scora 2-1-målet.

Stordal opna kampen betre enn Hareid og fekk eit frispark allereie etter ti sekund på høgresida, men gultrøyene klarte ikkje å skape noko på frisparket. Tre minutt seinare kunne Georg Olsen ha sendt Hareid i leiinga, men skotet var ikkje godt nok. Etter 11 minutt var Ørjan Engen Grimstad uheldig då han ikkje klarte å klarere ein ball. Det utnytta Kenneth Søvik godt og sende gjestane i leiinga.

Klokka viste 24 minutt då Hareid fekk frispark frå om lag 25 meter. Joar Møller sitt skot gjekk rett over mål. Sju minutt seinare kom Olsen på høgresida og la inn, men ingen av Hareid-spelarane fekk avslutta. Fem minutt før kvilen avslutta Christer Mork frå straffemerket, men ein av Stordalspelarane stod på streken og redda ballen. Hareid ville ha straffe grunna hands, men dommaren var ueinig. To minutt på overtid  før pausen utlikna Mork med eit knallhardt skot inne i boksen. Joar Møller la inn frå venstre, medan Marius Rise heada ballen vidare til Mork.

Etter pausen var Hareid meir lystne på å vinne, og angreip heile omgangen. Litt over eit kvarter ut i omgangen heada Grimstad like over målet etter ein corner. Åtte minutt seinare var Hareid svært nære igjen. Innlegget frå Martin Breivik var fint, Mork dempa ned til Marius Rise, som skaut over målet frå femmetersstreken. To minutt før ordinær tid kunne innbytar Audun Øvrelid avgjere kampen, men headinga hans gjekk over mål. Tre minutt på overtid sende Joar Møller ei fin 50-meterspasning til Husøy som heada over keeper frå ca. 11 meter og Hareid fekk det etterlengta 2-1-målet sitt.

Hareids toppskårar i serien, Thor-Over Brekke måtte bytast ut etter ein times spel. Vi kjem tilbake når vi får vite meir om skadeomfanget.

Sigeren var fortent for hareidsdølingane, og surt for Stordal som fekk to mål i mot på overtid. Hareid var rustne i 1. omgang, medan Stordal scora på den største sjansen dei fekk. I 2. omgang skapte begge laga ein del sjansar, men Hareid skapte dei største av dei. Hareid hadde presset frå første til siste sekundet i 2.omgang.

Matchvinnar, Kim-Tore Husøy, hadde dette å seie etter kampen:- 1. omgangen kan vi berre gløyme, for det var dårlege greier. 2.omgang pressa vi Stordal heile omgangen. Vi skapar kanskje ikkje så veldig mange sjansar, men sjansane vi skapar er veldig store. Så eg synest sigeren var fortent. Vi spelar også meir som eit lag i 2. omgang. Trenar Hans Gisle Holstad vurderte kampen slik:- Før pause fekk ikkje vi tempo på spelet vårt. Og vi fekk eit billeg mål imot oss grunna ein feil i forsvaret. Slik er fotball. I 2.omgang spelar vi god fotball. Vi pressar Stordal heile 2. omgangen, noko vi ikkje fekk til før pause. Vi skårar eitt mål på overtid i 1.omgang og eitt mål i 2. omgang. Vi vinn kampen fortent, og det er eg svært fornøgd med.

Kampfakta4.-divisjon, runde 4Hareid - Stordal 2-1 (1-1)Hareidsmyrane Stadion68 tilskodararMål Hareid: CA Mork (45+1), Husøy (90+3)Mål Stordal: Kenneth Søvik (11)Dommar: Jan Helge Lund, Godøy – Stort sett greiIngen gule kortHareid (4-4-2): Vagn Scheide Mork – Joachim Moldskred, Eiliv-Tore Howlid, Ørjan Engen Grimstad (K), Joar Møller – Thor-Ove Brekke (Hiwa Alipoor 62), Martin Mork Breivik, Kim-Tore Husøy, Georg Eikrem Olsen – Marius Rise, Christer Adrian Mork (Audun Øvrelid 74)