På benken sat mellom anna førstelagstrenar Steinar Lein, som etter kampen var veldig glad for ein komfortabel siger.

- Vi går ut i hundre og leiar komfortabelt allereie etter eit kvarter. Vi gjennomfører ein solid fyrste omgang der det er veldig mykje bra frå dei unge spelarane og også veldig profesjonelt gjennomført frå dei meir rutinerte spelarane. Dette gjer sitt til at det blir mykje fin fotball i mange faser av spelet. Naturlegvis blir andre omgang litt daffare, men vi vinn den også, og det er vi nøgde med, seier trenar Steinar Lein.

Blir det ei sjanse på fyrstelaget for Beite snart eller?

- Ja, vi ønsker jo det og med gode kampar som dette så aukar jo sjansane for han på fyrstelaget, seier Lein.

Hødd 2 stilte med eit sterkt mannskap i heimekampen mot Kristiansund FK måndag kveld. Og dette fekk fort følger. For berre etter eit snaut minutt kom den fyrste av heile sju Hødd-scoringar. Den var signert Robin Shroot etter at han fekk kome åleine upressa igjennom mot KFK-målet. Ballen gjekk via ein KFK spelar og ned i det lengste hjørnet. Etter den fyrste scoringa byrjar det berre å renne inn i KFK-målet. Etter 11 minutt kjem Sondre Beite åleine igjennom midten og lobbar den elegant over keeper. Berre eitt minutt seinare er same spelar frampå att og driblar seg elegant forbi eit par KFK spelare før han trillar den enkelt i mål.

Det er Hødd 2 som styrer showet i fyrste omgang, og dei fyrste 30 minutta var heilt eksepsjonelle av Høddarane. Etter 25 minutt kjem 4-0 signert Robin Shroot etter at Beite snappar opp ein retur frå KFK-keeper Lekve og sentrar den til Shroot som står åleine på bakarste stolpe og trillar den enkelt i mål. Og like før pause er Beite nok ein gong involvert når han slår eit godt hjørnespark som treff Sveinung Sæterås perfekt på hovudskallen, og det står 5-0 til pause.

Andre omgang startar med at Hødd har initiativet, men etter eit kvarter får KFK ei trøystescoring. Men for dei som kanskje var litt overtruiske og håpa at KFK kunne få til noko meir måtte rimeleg fort innsjå at det ikkje kom til å skje i kveld. For tre minutt etter KFK-scoringa slår Beite ei fantastisk langpasning over til Isak Haanes som på lekkert vis spelar Sander Djupvik i gjennom åleine med keeper og det står 6-1.

Andre omgang blir prega av at kampen i realiteten var avgjord tidleg i fyrste omgang og det er Hødd som styrar det meste av spelet. Etter 77 minutt er Shroot og Beite nok ein gong involvert. Beite blir spelt i gjennom midtforsvaret til KFK og dreg av keeper før han på uegoistisk vis serverar ballen til Shroot som nok ein gong står åleine framfor ope mål. Da står det 7-1 som også blir sluttresultatet KFK må ta med seg i sekken heim att til Kristiansund.

Kampfakta:

Hødd – KFK

3 div, avdeling 8.

Tilskodartal: ca 60

Kampstart: 19:00

Hødd:

Keeper: Ole-Monrad Alme

Martin Breivik, Steffen Moltu, Jesper Tørnqvist, Johannes Sundgot

Sveinung Sæterås, Daniel Haanes, Sander Djupvik,

Isak Haanes, Sondre Beite, Robin Shroot

Byte: inn: Sindre Thue, Karl Bringsvor, Peter Haddal Worren.