SYKKEL: Peter Hagelund Horn frå Ulstein deltok i Nordjordrittet laurdag. Han gjorde sin beste prestasjon så langt i år med andreplass i sin klasse. Totalt enda Horn på tiandeplass med tida 3.46.38. Om lag 170 ryttarar deltok i eit veldig sterk felt.

Nordfjordrittet er kjent som den hardaste rittet på desse kantar med over 3600 høgdemeter og 13 mil.

- Derfor er eg veldig nøgd med ei topp ti-plassering i dette rittet. Vi køyrde fort i ei større gruppe fram til Utvikfjellet, der eg køyrde med dei fremste over toppen. Dei siste fire mila inn til mål var beinharde. Siste kilometeren før mål er ein knalltøff motbakke. Eg fekk meir og meir krampe og hadde ikkje bein til å spurte. Dermed kom eg tre sekund bak klassevinnaren i mål. Men å kome på tiandeplass totalt i eit så stort og sterkt felt set eg uansett høgare enn plasseringa i klassen. Så det tek eg ikkje så tungt, seier Ulstein-syklisten Horn til Vikebladet Vestposten.