I førre veke vart det klart at Lars-Petter Rønnestad skal ta over ansvaret som hovudtrenar for 4.-divisjonslaget Åram/Van.kam ut sesongen.
Rønnestad vedgår at han har gode kjensler for klubben og ser fram til å setje i gang.
– Eg har sjølv spelt for ÅVK og har eit nært forhold til klubben. Eg tenkte meg godt om før eg sa ja til dette, men akkurat no så føler eg at dette er eit riktig steg for meg, avslørar den ferske ÅVK-trenaren.
Må planlegge godt
I årets sesong har Rønnestad også trena 6.-divisjonslaget Gjerdsvika/Moltustranda, eit lag han kjem til å halde fram med å trene. Desse to trenarjobbane kjem i tillegg til stillingane hans som mediesjef og marknadskonsulent i IL Hødd.
Kvardagen til den tidlegare Hødd-assistenten og Bergsøy-trenaren vert derfor veldig hektisk dei neste månadene.
– Det er jo berre å planleggje godt det, forklarar han med ein humoristisk tone.
– Trenarjobben i ÅVK skal trass alt berre vere 8–10 i veker, så dette er ei kort løysing som begge partar er nøgde med. Til neste sesong reknar eg med at ein ny trenar kjem inn, seier Rønnestad.
Vart "trigga"
Rønnestad, som også har ei fortid som assistenttrenar for Hødd og trenar for Bergsøys A-lag, har derimot ei tøff oppgåve i vente.
Så langt i årets sesong ligg ÅVK på ein sisteplass i divisjonen med fattigslege fire poeng, alle etter å ha spelt uavgjort.
Det er ei utfordring som 37-åringen ser fram til.
– Skal ein ta ein slik jobb så er det noko som må "trigge". For min del var det å snu den trenden som laget er inne i.
– Kva har du som målsetjinga for haustsesongen?
– Målet er å berge plassen. Ut ifrå det eg kjenner laget i dag, så er spelarstallen god nok til å stå. Så dette tek eg som ei utfordring, seier han.