Tromsø med Morten Moldskred frå Haddal i rekkjene skal spele Europa-liga i år (også).

I første runde har dei trekt Tartu FC Santos som motstandar. Tromsø opnar med bortekamp mot dette laget 2. juli, medan returoppgjeret går éi veke seinare.

Tromsø spelar i 1.-divisjon (nivå to) denne sesongen, men Tartu FC Santos spelar på nivå tre i Estland. Så denne oppgåva bør vere overkomeleg for Morten Moldskred og Co.