Video: Erlend Friestad

Hareid IL gjekk nemleg heilt til topps og vann stemneprisen under konkurransen. Hareid IL hadde med 100 gymnastar til Sykkylven og dei kunne søndag juble for stemneprispokal.

På Hareid IL si Facebookside er programmet Hareid-gymnastane viste fram presentert. Der går det fram at temaet for programmet var Noreg og at Hareid la vekt på å hente fram det eventyrlege og magiske, med eventyrkarakterar, troll og nordlys.

Det gjorde Hareid-gymnastane på så overtydande vis at dei vart premierte med stemneprisen under barnekretsturnstemnet.

Linn Urke vart heidra som årets eldsjel av Møre og Romsdal gymnastikk- og turnkrets under barnekretsturnstemne i Sykkylven søndag. Foto: ERLEND FRIESTAD

Årets eldsjel

Og det var ikkje alt Hareid-gymnastane kunne juble for.

Linn Urke frå Hareid IL vart heidra under barnekretsturnstemnet og fekk utmerkinga årets eldsjel. Det er Møre og Romsdal gymnastikk- og turnkrets som deler ut prisen.

Urke har vore sterkt involvert i turngruppa i Hareid IL i ei årrekkje og er ei av eldsjelene bak den nye basishallen i Hareid. Tidlegare i år vart ho også heidra med Paul Harris Fellow-utmerking frå Rotary for sitt arbeid i turngruppa.