Hødd har denne sesongen fått relativt mange nye spelarar. I mangel av J16-lag har yngre spelarar blitt flytta opp og elevar frå SUFH har også slutta seg til troppa. Den store troppa vil også føre til hard kamp om speletida.

I kveldens kamp møter damene Bergsøy i Ulsteinhallen. Trenar Vaso Kujajic er spent på kva sesongen vil by på, men satsar på ei plassering på øvre halvdel av tabellen.

Kampen går klokka 19:30.