- Dette var grei skuring for Hødd, melder reportar Einar Orten Trovåg frå Herdbana. Hødd vann utan problem og leverte ein veldig bra kamp mot det gode 3.-divisjonslaget. Det var jamnt god innsats over heile fjøla, men Bergsøy-spelaren Kjetil Paulsen, som har trent med Hødd i det siste, var kanskje den som imponerte mest. Hødd stilte slik: Kim Deinoff (Jan Lennart Urke i 15 min.) - Torgeir Rusten, Sindre Eid (Fredrik Klock i 30 minutt), Jon Erik Ertesvåg, Oddbjørn Lie (Mads Værnes i 75 min.) - Ole Magnus Melchior (Andreas Kurseth i 45 min.) , Erik Sandal, Kjetil Paulsen, Joachim Magnussen - Jan Rune Teigen, Oddbjørn Vaagsholm. Stillinga ved pause var 3-0.