Hødd sløste med sjansane og kunne ha vunne med større siffer. Torgeir Skeide, Audun Scheide, Ulrik Wingsternes og Bjørn Vikanes skora måla. Begge desse laga skal spele i junior 1.-divisjon når serien startar etter påske. Hødd stilte utan dei 5-6 beste juniorane som trenar med a-laget, men stilte med to overårige: Ole Magnus Melchior og Vebjørn Skeide. Vebjørn stod i mål for å prøve seg i kamp etter over 2 månader ute med skade. Hødd avslutta kampen med 4 gutespelarar, som alle klarte seg bra.