Det er alt over førti lag som har meldt seg på den nye runden med trivselsserien. Roy Stornes kan gledestrålande fortelje at kvinnene er blitt så ivrige med å melde seg på. Det kan verke som kvinnene er meir positive enn mennene. Kva som gjer det, er eg ikkje sikker på, men artig er det, smiler Stornes. Han og broren, Andre Stornes, tok i sommar over Ulstein Bowling. Dei tidlegare eigarane har seld seg ut, så no er nye lokale eigarar på plass. Dei er opptekne av å skape eit miljø i bowlinghallen, så det blir ein flott møtestad for alle. Framover vil dei gjere meir retta mot skular og pensjonistar.

Ha det gøy

Trivselsserien vart første gong arrangert i fjor. Serien gjekk haust og vår, og vart avslutta med eit sluttspel. Responsen frå trivselsserien har vore god. I fjor var det nokre-og-tretti lag som deltok, i år er det plass til 64 lag, noko Roy Stornes ikkje trur blir nok problem å fylle. Det er alt over førti lag som har meldt seg på. I tillegg melder Ulstein kommune kanskje på seksten lag. Då vil kanskje Hareid kommune melde seg på for eit internt oppgjer. Om kommunane blir meg, er klart på fredag. Nokre er redde for at det ikkje er god nok, for dei ikkje har bowla før. Men fokuset skal vere på å ha det gøy og kome ut og møte folk, forklarer Stornes. Han ser på Trivselsserien som ei god investering for arbeidsplassane i nettopp trivsel. Som han seier har dei fleste bedriftene meir enn nok å gjere. Alt han treng er ein kontaktperson som kan dra i gang resten av kollegaene sine, så ordnar bowlingen resten. Kvart lag er på mellom tre og ni personar. Dei må stille ein kveld i veka, over sju veker i haust og sju veker til våren. Alle treng ikkje stille kvar gong, deltakarane kan bytte på.

Nye opningstider

Roy Stornes vil framleis halde fram i jobben sin på Narvesen i Ulsteinvik, og broren har òg anna jobb ved sidan av. Etter dei tok over Ulstein Bowling har dei endra litt på opningstidene til bowlinghallen. Dei knip inn på opningstidene på dagtid på kvardagane, bortsett frå torsdag som skal vere dagen for pensjonistbowling. Og i helgene har dei utvida opningstidene. Men om større grupper har tenkt seg på bowling, utanom dei sette opningstidene, er det berre å slå på tråden. Så reknar Stornes med at dei finn ei ordning.

Roy Stornes er klar for ein ny runde av Trivselsserien på Ulstein Bowling.