Det er skikkeleg «Bergensvêr» når Vikebladet Vestposten møter Sivert Heltne Nilsen utanfor Brann stadion. Nokre låge skyer leikar rundt Ulriken, medan regnet strøymer ned frå ein grå himmel. Trøysta er at vinden har roa seg sidan fredag, og at meldingane er betre framom sundagskampen mellom Brann og Hødd.

Heltne Nilsen haltar svakt på eine foten, og klarer dermed ikkje å skjule at han framleis slit med ei kneskade som har halde han ute av spel dei siste par kampane.

- Det er ei rift i eit leddband, og eg veit ikkje kor lang tid det vil ta før eg er tilbake. Eg kan jogge, så det er ikkje heilt bekmørkt, men det er ikkje sjans å slå ei pasning, fortel Sivert Heltne Nilsen.

Det kan vere dårleg nytt for Brann før sesongens siste kamp, heime mot Hødd. Laget har nemleg ikkje tapt nokon av dei ti kampane Heltne Nilsen har vore involvert i etter overgangen frå Vålerenga.

- Dei har klart seg temmeleg bra utan meg også, som Sandnes Ulf og KBK borte, seier midtbanespelaren.

Like bra gjekk det ikkje borte mot den vesle naboen Nest-Sotra.

- Det var heilt håplaust eigentleg, men kampen vart spelt på eit jorde. Det var likevel skuffande.

Unikt trykk i Bergen

Resultatet mot eit Nest-Sotra-lag som kjempar med nebb og klør for å unngå nedrykk hadde samstundes lite å seie for Brann sin del. Etter at KBK tapte mot Sogndal var Brann allereie klare for opprykk til neste års Tippeliga.

- Det var derfor eg kom hit, for å rykke opp og få Brann tilbake dit dei høyrer heime. Det er ingen tvil om at dette er ein veldig stor klubb som høyrer heime i Tippeligaen. Det trykket som er her er ganske unikt. Ein merkar det også når laget har spelt i Obos-ligaen og vi har eit snitt på kampane på nærare 10.000 tilskodarar. Det er vel nesten berre Rosenborg som har meir, seier Heltne Nilsen. (Vålerenga og Viking har også høgare snitt enn Brann, men bergenslaget kan passere VIF etter siste serierunde i Obos-ligaen journ.anm.)

Heltne Nilsen reiste frå Hødd etter 2013-sesongen, då Hødd kom på ein tredjeplass i 1.-divisjon, men tapte i kvalifiseringa for Mjøndalen, laget som eitt år seinare sendte Brann ned til årets Obos-liga. Då gjekk voldingen til Vålerenga, men etter halvanna sesong i hovudstaden gjekk turen vidare til Bergen og Brann. Dermed har 24-åringen spelt dei siste sesongane på to av dei største fotballanlegga i landet – ein viss skilnad frå Volda stadion og Høddvoll.

- Ja, det er det, men no har Hødd fått eit veldig fint anlegg. Eg har ikkje fått spelt der sjølv, men Hødd er ein klubb i utvikling og dei tek stadig nye steg. Med det nye anlegget synest eg det ser veldig bra ut for Hødd sin del.

Kunne ikkje seie nei til Brann

I sin første sesong i VIF spelte Nilsen frå start i 28 kampar. Dei to siste stod han over grunna karantene. I 2015 var han også involvert i 13 av dei første 14 kampane til VIF, men no oftare som innbyttar. I løpet av sommaren 2015 enda han dermed i Brann, men kvifor tok midtbanespelaren eit steg ned til Obos-ligaen?

- Folk tenkjer nok at det er eit steg ned. Eg har likevel alltid hatt lyst til å spele i Brann, som har vore favorittklubben min sidan eg var knøttliten. Eg var på cupfinalen i 2004 og såg fleire kampar på stadion i 2007, seier Heltne Nilsen, medan blikket går over gangen til eit bilete av cupvinnarane.

- Det er noko med Brann og Bergen som gjer at eg ikkje kunne seie nei. Eg hadde tilbod frå fleire Tippeligaklubbar, eg kunne hatt moglegheita til å ha spelt cupfinale eller vore med i medaljekampen i Tippeligaen, men likevel klarte eg ikkje å seie frå meg moglegheita til å spele i Brann.

Regna du då den gongen at Brann ville ta steget opp att til Tippeligaen på første forsøk?

- Det var ingen garanti for det. Då eg kom hit var vi eit stykke bak, både bak Hødd og fleire andre. Det var så jamt, og ingen garantiar for noko som helst, men eg hadde eit håp om at eitt av åra eg var her skulle eg få oppleve Tippeligaen igjen. Det var motivasjonen, å få spele Tippeliga med Brann.

Sivert Heltne Nilsen fortel at han hadde det veldig fint i Vålerenga, men at når klubben signaliserte at dei kanskje ville la spelaren gå, så var det eit signal om at det kanskje var på tide å kome seg vidare.

- Eg hadde fått speletid og eg hadde ein god tone med Rekdal. Han var fair med meg. Han kunne halde meg i klubben for å ha ein breiare stall og fleire strengar å spele på, men eg ville ikkje hatt ei så sentral rolle som eg skulle ønskje. Han såg nok at ein ikkje fekk det beste utav meg når eg var inn og ut på laget, og det beste hadde nok vore om eg var ein av dei sentrale spelarane, at eg fekk vere sjef og kunne kjefte og smelle litt.

Fleire pluss enn minus

Då Sivert tok turen over fjellet frå Oslo til Bergen hadde far og tidlegare trenar i Hødd og Volda, Lars Arne Nilsen, allereie vore Brann-trenar nokre månadar.

- Det var noko eg tenkte på før eg signerte, men det har gått bra tidlegare og plussa var fleire enn minusa med at eg kom hit. Det har jo også stemt ganske bra, vi har klart å rykke opp. Han kjenner meg jo veldig godt og veit korleis eg er, samstundes som eg kjenner spelestilen hans godt.

Då Lars Arne Nilsen kom til Brann var den tidlegare Hødd-trenaren forsiktig med kva han lova. Etter at Brann hadde rykt ned i 2014, og ikkje såg ut som opprykkskandidatar i starten av denne sesongen er det noko Sivert har full forståing for.

- Mellom anna Hødd låg jo langt framom Brann, så eg trur ikkje det hadde vore så lurt å love opprykk slik Brann låg an. Vi har hatt litt marginar med oss og arbeidd beinhardt, seier Heltne Nilsen. Og arbeidet har betalt seg, med direkte opprykksplass til Tippeligaen. Dermed får Sivert Heltne Nilsen oppfylt ønsket om å spele Tippeligafotball med Brann, men framleis er det noko uklart om det blir med Lars Arne Nilsen som trenar.

- Det er vanskeleg å seie, eg veit ikkje heilt korleis det blir, men han har gjort ein bra jobb etter at han kom til klubben.

Både Brann og Lars Arne Nilsen har vore lite villige til å diskutere ei ny kontrakt for trenaren før etter sesongslutt, men ifølgje BA skal klubben vere klare til å tilby Nilsen kontraktsforlenging.

Ikkje store forskjellen på Hødd og dei større klubbane

Sjølv om Heltne Nilsen dei siste åra har spelt for to av dei større klubbane i norsk fotball, meiner han det ikkje er så veldig mykje som skil Brann og Vålerenga frå Hødd.

- Forskjellane er ikkje så veldig store. Då eg kom til VIF hugsar eg at det meste var likt, men litt større. Det var litt meir trykk, litt meir folk og litt meir av alt. Men på treningsfeltet handlar det om det same. Om å verte litt og litt betre heile tida. Slik eg ser det så ligg ikkje Hødd så langt bak dei beste klubbane i Norge på mange område, men forholda er litt mindre.

Surt å miste kampen mot Hødd

Kneskaden til Heltne Nilsen betyr at han ikkje får snøre på seg fotballskoa til kampen mot Hødd på Brann stadion.

- Det er heilt forferdelig. Eg har jobba steinhardt for  å nå denne kampen, sjølv om eg visste at det var heilt urealistisk. Eg hadde eit lite håp om å kunne spele, for det hadde vore fantastisk å spele mot «gutta boys». Hødd er ein klubb som har betydd enormt mykje for meg, og det hadde vore utruleg kjekt, så det er keisamt å gå glipp av kampen.

Heltne Nilsen fortel at han gjerne skulle prøvd seg mot spelarar som Fredrik Aursnes, Vegard Heltne og Mikke Karlsen.

- Eg har veldig mange gode minner med mange av Hødd-spelarane. Vi vann jo cupen og det er framleis det beste fotballminnet eg har.

24-åringen trekk også fram Sindre Eid, som tidlegare denne veka avslørte at han vil gje seg som Hødd-trenar etter denne sesongen.

- Det synest eg er veldig trist. Sindre er ein kjemperessurs, ein av dei mest fotballkloke trenarane eg har vore borti i løpet av karrieren. Det er veldig synd for Hødd. Eg trur ikkje det vil ha så mykje å seie akkurat inn mot kampen mot Brann, men eg synest det er synd for Hødd at han gir seg. Eg synest Sindre har gjort ein veldig god jobb.

Håpar å møte Hødd i Tippeligaen

Brann-spelaren fortel at han framleis har god kontakt inn i Hødd-miljøet, både til spelarane han spelte med tidlegare, men også til folk som André Nevstad og Sindre Eid.

- Eg følgjer med, det har eg gjort heile tida. Det er ein klubb eg unner alt godt, og ein klubb der eg har eit godt forhold til alle mann. Eg veit kor mange som står på og jobbar knallhardt for klubben, frå supporterar til leiinga og ikkje minst spelarane. Det hadde vore veldig kjekt å få eit Hødd-lag opp i Tippeligaen. Det er jo framleis moglegheiter.

Men dersom det skal skje denne sesongen bør Hødd helst ha tre poeng borte mot Brann, og akkurat det har ikkje Heltne Nilsen så lyst til.

- Det blir vanskeleg for Hødd i morgon, men eg trur fort Ranheim kan slå Sandnes Ulf. Det hadde vore det perfekte. Eg er Brann-spelar og håpar Brann vinn alle kampane. Det er viktig for oss å avslutte skikkeleg. Når vi får så mykje folk på stadion så har ikkje vi noko lyst til å tape for Hødd. Eg unner Hødd det beste, men ikkje på bekostning av Brann, smiler Heltne Nilsen.

Brann går samstundes til kampen utan nokre viktige spelarar. I tillegg til Heltne Nilsen må laget klare seg utan Azar Karadas og Vadim Demidov. I tillegg har Fredrik Haugen karantene. Amadaiya Rennie er friskmeldt, og Brann har også teke med seg 15 år gamle Halldor Stenevik til årets siste seriekamp.