Norges Friidrettsforbund har nyleg offentleggjort utøvarane som er med i forbundet si Team DNB Elitegruppe i friidrett, i tillegg til elitegruppe for ungdom og ei meisterskapsgruppe. I elitegruppa for ungdom finn ein mellom anna stortalentet Karsten Warholm frå Dimna IL.

-Det er mange spanende utøvarar.  I tillegg er det verkelig gledeleg å sjå både unge og etablerte utøvere i dei andre kontraktsgruppene som er i ei flott utvikling og som vil vere ein del av vår framtidige elitegruppe, seier sportssjef Ronny Nilsen i Norges Friidrettsforbund.

Team DNB Elitegruppe i friidrett:

  • Ezinne Okparaebo (IL i BUL)

  • Ingvill Måkestad Bovim (Bækkelaget)

  • Karoline Bjerkeli Grøvdal (SK Vidar)

  • Isabelle Pedersen (IL i BUL)

  • Margrethe Renstrøm (IK Tjalve)

  • Tonje Angelsen (Trondheim Friidrett)

  • Henrik Ingebrigtsen (Sandnes IL)

  • Sindre Buraas (SK Vidar)

  • Eivind Henriksen (IK Tjalve)

  • Andreas Thorkildsen (Kristiansand IF)

  • Runar Steinstad (IL Runar)

Elitegruppen for ungdom består av følgende utøvere:

  • Filip Ingebrigtsen (Sandnes IL)

  • Amund Høie Sjursen (IL Gneist)

  • Sven Martin Skagestad (IL Norna-Salhus)

  • Ola Stunes Isene (IF Sturla)

  • Karsten Warholm (Dimna IL)

  • Nadia Akpana Assa (IL I BUL)

  • Beatrice Llano (Laksevåg TIL)

  • Marie-Therese Obst (IK Tjalve)

Mesterskapsgruppen:

  • Thomas Roth (Ullensaker-Kisa IL)

  • Sondre Nordstad Moen (SK Vidar)

  • Marius Vedvik (IL Gular)

  • Vladimir Vukicevic (SK Vidar)

  • Øyvind Kjerpeset (Florø T&IF)

  • Eirik Greibrokk Dolve (IL Fri)

  • Per M. Florvaag (Sandnes IL)

  • Lars Vikan Rise (Sandnes IL)

  • Håvard Haukenes (IL Gular)

  • Trine H. Mjåland (Kristiandsand IF)

  • Hedda Hynne (Strindheim IL)

  • Trude Raad (Gloppen FIL)

For juniorane er det hovudsakleg U23 EM i Tallinn og  U20 EM i Eskilstuna som er dei store måla.

- Med den utviklinga vi ser blant våre yngre utøvarar kan vi få oppleve troppar på opp mot 40 deltakarar til begge meisterskap, seier Nilsen.

Warholm er saman med Henrik Overvåg og Joakim Sungot Gustavsen frå Dimna IL, og Ådne Andersen frå Hareid IL, på treningsleir i Portugal for å lade opp til den komande utandørssesongen.