Onsdag er Hødd i Bergen for å spele 2. runde i NM. Etter sigeren mot Herd i 1. runde er det no Fana som står for tur på Nesttun Idrettsplass.

7 min: 1-0 Torgeir Janbu har sendt Fana i føringa. Scoringa kjem etter eit innøvd trekk på corner.

Rapportane frå Bergen tyder på at Hødd har slitt med å kome inn i kampen første kvarteret.

22 min: 1-1 Torbjørn Kallevåg utliknar for Hødd. Kallevåg skyt frå utsida av 16-meteren, via ein forsvarsspelar og i mål.

Pause: Hødd kjem tilbake og utliknar ved Torbjørn Kallevåg etter at Fana tok leiinga allereie etter sju minutt. Hødd tok meir og meir over i banespelet utover i den første omgangen, men inn mot pause fekk Fana på ny sett eit visst press på Hødd.

Den andre omgangen har starta utan noko særleg sjansar på Nesttun Idrettsplass.

65 min: Hødd får ein bra sjanse ved Magnus Myklebust, men ballen går ikkje på mål.

Michael Karlsen kjem inn for Joachim Magnussen.

Ole Amund Sveen blir bytta inn. Eirik Ulland Andersen forlet bana.

75 min: Ole Amund Sveen sender Hødd i leiinga.

79 min: Magnus Myklebust scorar Hødd sitt tredje mål på pasning frå Ole Amund Sveen.

Det blir siger og avansement til 3. runde i cupen for Hødd. For andre kamp på rad måtte laget kome tilbake etter å ligge under, og nok ein gong vinn Hødd 1-3 på bortebane.

Kampfakta:

Fana - Hødd 1 - 3 (1-1)

NM Fotball 2. runde

Nesttun Idrettsplass

Dommar: Sivert Amland, Kringlebotn IL

Gule kort: Hestetun (Fana), Rojas (Fana), Aursnes

Mål: 1-0 Janbu (7), 1-1 Torbjørn Kallevåg (22), 1-2 Ole Amund Sveen (75), 1-3 Myklebust (79)

Hødd stiller med dette laget: Aslak Falch - Jonas Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Ruben Kenneth Brandal - Joakim Wrele, Fredrik Aursnes, Torbjørn Kallevåg - Joachim Magnussen, Magnus Myklebust, Eirik Ulland Andersen.

Benk: Ole Monrad Alme, Christoffer Aasbak, Michael Karlsen, Ole Amund Sveen, Sondre Beite.

Fana: Peter Eikeland, Sandrino Arenas Moya Birkeland, Ståle Tveit, Torgeir Janbu, Sindre Lie, Patricio Rojas, Alexander Stockinger, Jonas Hestetun, Joachim Dankertsen, Joakim Birkeland, Stian Dyngeland

Benk: Ådne Nissestad, Anders Moe Lund, Didrik Angell, Vegard Austevoll, Mathias Soltvedt, Joachim H Bjånesøy, Henrik Seim Frotvedt