Norges idrettsforbunds organisasjonsledd er tildelt 235 960,020 millionar kroner i kompensasjon for vare- og tenestemoms i 2012 for rekneskapsåret 2011.
Golfklubben får att mest
I tildelingsbrevet frå Norges Idrettsforbund står det skrive at 242 klubbar i Møre og Romsdal samanlagt får utbetalt 8 067 900 kroner frå idrettsforbundet.
Av desse får åtte idrettsklubbar i Ulstein og Hareid utbetalt 417 152 kroner.
Sunnmøre Golfklubb får att mest pengar i form av momskompensasjon. Dei får utbetalt 152,238 kroner frå idrettsforbundet. Ikkje langt bak ligg IL Hødd, som får 137 793 kroner inn på sin bankkonto.
Og resten av dei som får nyte godt av momskompensasjonen er Hareid IL (70 214 kroner), Hasundgot IL (27 814 kroner), Dimna IL (20 434 kroner), Brandal IL (3 670 kroner), Ulstein Basketballklubb (2 476 kroner) og Ulstein Seilforening (2 513 kroner).