I laurdagsavisa annonserte vi at Hødds damelag skulle spele mot Sunndal i dag (laurdag). Den kampen har derimot blitt utsett inntil vidare.

Trenar Ole Per Kragset og resten av damelaget må difor venta endå litt lenger på årets fyrste siger i seriesamanheng.

Damelaget spelte tidlegare denne veka mot 1.-divisjonslaget Fortuna Ålesund i 1. runde i NM. Det enda med ein solid 6-1-siger til Ålesundslaget.

Søndag får mange av spelarane ein ny sjanse til å revansjere cuptapet når Hødds J19-lag tek i mot Molde i Telenor Cupen, som er NM for aldersbestemte lag.

Les også:

* Ute av cupen