Hødd sitt damelag i 2.-divisjon spelar bortekamp mot Byåsen laurdag.

Trondheim-laget toppar avdelinga med 25 poeng og imponerande 31-5 i målforskjell. Hødd ligg på tredjeplass med 22 poeng på 11 kampar.

- Det blir sjølvsagt ein knalltøff kamp. Men Tynset spete uavgjort der oppe, og Volda tapte vel 2-1. Så vi er slett ikkje sjanselause, seier Hødd-trenar Ole Per Kragset til Vikebladet Vestposten.

Laurdagskampane med våre tips:

Byåsen - Hødd (H), Træff - Tynset (B), Volda - Sunndal (H), CFK - Nidelv (B), Trondheims-Ørn II - Stryn (H)