For Hødd ligg no ni poeng over Alta på øvste nedrykksplass med tre rundar igjen å spele, og Hødd har 16 plussmål på gå på i høve finnmarkingane. Det skal halde.

1. omgang:

Hødd fekk ei best mogleg opning på kampen. Ole Amund Sveen spelte vegg med Vegard Heltne før han forserte frå tangten og ut venstre til han kom ca. ti meter frå mål. Med utsida av høgrefoten plasserte Sveen ballen flott i lengste hjørne. 0-1, og då var det berre spelt eitt minutt og 40 sekund.

Etter målet la Hødd seg lågt i bana og satsa på kontringsspel. Det gav brukbare sjansar til Robin Shroot og Vegard Heltne. Etter kvart våga Hødd seg høgare i bana, slik Alta fekk større rom å spele i offensivt. El Hadji Sega var farleg frampå etter 14 minutt og avslutta i nettveggen. I det 26. minutt hadde Ole Amund Sveen ein OK sjanse som vart avslutta midt på mål frå 16 meter.

Den første halvtimen spelte Hødd heilt greitt. Men Alta var best det siste kvareret inn til pause. Sega heada inn 1-1 etter ein corner frå Svein Ove Thomassen etter 37 minutt. Fem minutt seinare var same mann frampå igjen, men skotet gjekk like til side for mål.

Heilt på tampen fekk Hødd frispark like utanfor Altas 16-meter, men skotet til Robin Shroot var for svakt.

2. omgang:

Hødd kom best i gang etter pause. Vegard Heltne var nær ved å skli ballen i mål fem minutt ut i 2. omgang. Og fem minutt seinare kom eit farleg frispark som fleire Hødd-spelarar var eit skonummer på å få i mål.

Deretter jamna kampen seg ut. Fleire skadar på begge lag og andre frisparksituasjonar gjorde at rytmen i kampen forsvann. Det einaste spennande som skjedde midt i omgangen var eit Svein Ove Thomassen-skot frå eigen halvdel som gjekk like over Hødd-målet. Thomassen lukta då at Aslak Falch stod litt langt ute. Alta hadde ballen mest og styrte mykje av spelet utover i 2. omgang.

Men med åtte minutt igjen var Hødd millimeter frå å ta leiinga. Fredrik Aursnes slo ein nydeleg ball gjennom til Robin Shroot. Briten avslutta i lengste stong.

Alta trykte på i sluttminutta, sjølv om Hødd også kom på nokre OK overgangar. Men fleire store sjansar kom ikkje, og kampen enda 1-1.

Kampfakta1.-divisjon runde 27Alta – Hødd 1-1 (1-1)Finnmarkshallen Tilskodarar: 705 selde billettar og sesongkortMål: 0-1 Sveen (2), 1-1 Sega (37)Dommar: Rohit Saggi, SkioldGule kort: Mathisen, S. Thomassen, Nome, Torgersen (Alta), Rekdal, Falch (Hødd)Raudt kort: S. Thomassen, to gule (Alta)Hødd (4-5-1): Aslak Falch - Jonas Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Victor Grodås (Joakim Wrele 73) - Joachim Magnussen (Andreas Rekdal 67), Bendik Torset, Fredrik Aursnes, Ole Amund Sveen, Vegard Heltne - Robin Alexander Edward Shroot (Espen Standal 90)

Vi følgde kampen live: