MOLDE: Molde-keeper Ørjan Håskjold Nyland vann Volda-duellen mot Vålerengas midtbaneslitar Sivert Heltne Nilsen. Men trass i 2-0-nederlag og generelt tafatt spel frå bortelaget imponerte sistnemnte i eliteseriedebuten.

For Nilsen sprang, kjempa, reiv, sleit og kjefta kampen gjennom. I sterk kontrast til mange av medspelarane på eit VIF-lag som rett og slett vart rundspelte i 1. omgang.

- Det var berre eit par av våre spelarar som kom heiderleg frå denne kampen, sa Vålerenga-sjef Kjetil Rekdal etter kampen.

- Kven siktar du til?

- Eg kan i alle fall nemne Sivert. Han var veldig god. Ja han var ein av banens beste spelarar, sa Rekdal til underteikna (som dekte kampen for VG Nett).

Det var Vegard Forren og Björn Bergman Sigurdarson som scora måla for Molde, som også brente ei rekkje store sjansar. Vålerenga skapte ingenting før det var igjen eit kvarter å spele. Blant anna var det like før ei heading frå Sivert Heltne Nilsen gjekk via ein medspelar og i mål. Ørjan Håskjold Nyland hadde i all hovudsak ein roleg kveld på jobben.

Landslagskeeperen forlèt Hødd etter cupgullet i 2012, medan Nilsen melde overgang til Vålerenga denne vinteren.