Hødd (4-4-2): Alme - Aasbak, Tørnqvist, Moltu, Breivik - Myklebust, Sjølstad, Vestvatn, Sereba - Shroot, MagnussenBenk: Urke, Wrele, Karlsen, Kallevåg, Wambangomo, Rise, Beite

Brattvåg (4-4-2): Reite Hansen - Berglund, Kjellmann, Hildrestrand, Sætre - Mambouana, Johnsen, Andreassen, Persson - Leine, NekroufBenk: Thorsen, Tomren, Grytten, Høivik, Skare, Faksvåg

Første omgang

Hødd pressar på frå start, men Brattvåg forsvarar seg godt.

Jamt spel dei første tjue minutta. Hødd er ufarlege, og må opp nokre hakk om dei vil ha mål.

Det er også litt urovekkande at Hødd gir ballen frå seg litt for lett, frå midten og bakover.

Kjemperedning av Ole-Monrad Alme då ein Brattvåg-spelar kjem åleine med Hødd-keeperen, og deretter, i andre enden av bana, stel nesten Shroot ballen frå Brattvåg sin keeper. To store sjansar.

Så kjem overraskinga. Midtstoppar Steffen Moltu gir vekk ballen og det utnyttar Brattvåg. Philip Berglund scorar frå skrått hald. 1-0 etter 31 minutt. For mange feil frå Hødd fører til scoringa.

Etter scoringa går Hødd rett i angrep. Dei blåkvite jaktar utlikning før pausa. Brattvåg forsvarar seg framleis godt.

Didrik Sereba fekk ein stor sjanse eitt minutt på overtid i første omgang, men keeper fekk avverga og det blei 1-0 til pause.

Hødd leverte ein førsteomgang klart under pari, og spesielt feil på eigen halvdel gav Brattvåg fleire moglegheiter, som dei også scora på til slutt. Framover gjekk det ofte litt for sakte for Hødd, og dermed kunne heimelaget ha bra kontroll på det som kom. Hødd skapte ikkje mange sjansane i løpet av første omgangen, og det var Didrik Sereba sitt skot minuttet på overtid som var bortelaget si største moglegheit.

Andre omgang

I pausen har fleire av Hødd-spelarane på benken vore i lett oppvarming.

Hødd best i starten av andre. Bra sjansar for Myklebust og Shroot. Første redda til corner, andre like utanfor.

Keeper glepp eit skot frå Shroot, men Myklebust når berre nesten ballen før han plukkar opp sin eigen retur.

Brattvåg har ikkje vist noko offensivt første ti i andre omgang. Hødd meir konsentrerte og med større tempo enn i første.

Moltu leverer eit ok forsøk med hovudet på corner, men keeper har bra kontroll. Tolv minutt spelt. Brattvåg får frispark i bra posisjon. Ok forsøk, men utanfor stolpen til Alme.

Hødd ropar på straffe etter det som ser ut som ein hands, men dommar let seg ikkje imponere.

Brattvåg er småskumle på kontringar, mindre etablert spel frå heimelaget enn i første omgang.

Stor sjanse for Sjølstad etter corner. Ballen er fri i feltet før Sjølstad plukkar den opp. Snur seg og prøvar å sette den opp i næraste hjørne, men ballen går i nettveggen.

Ny stor sjanse, denne gongen Magnussen som kjem seg fri på høgre. Bør spele, men prøvar skudd frå spiss vinkel. Det går over mål.

Høyvik inn for Andreassen - byte Brattvåg etter 70 minutt.

Hødd gjer eit dobbelybyte - Joachim Magnussen og Øystein Vestvatn ut - Michael Karlsen og Torbjørn Kallevåg.

Hødd dominerer, men har ikkje fått scoringa.

I underkant av ti minutt att av kampen.

Michael Karlsen svært nære! Får eit touch på innlegg frå Sereba, men avslutninga går såvidt over tverrliggjaren.

Brattvåg på sjeldan visitt på Hødd sin halvdel. Køyrer god kontring og er ikkje langt unna å avgjere kampen.

Michael Karlsen i tverra etter godt innlegg frå Mork Breivik. Centimeter frå utlikning.

Beite inn for Sjølstad. Hødd har dårleg tid.

Brattvåg yppar seg igjen, men avslutning frå høgresida går utanfor.

Hødd er på full fart ut av cupen. Frispark til Brattvåg på midtbana. Robin Shroot får gult kort.

Didrik Sereba skyt over mål frå 15 meter, og då ebbar kampen ut med 1-0.

Hødd er ute av cupen. Brattvåg vinn 1-0. Bortelaget var klart best i den andre omgangen, men klarte aldri å få ballen i mål. Det gjorde Brattvåg før pause, og dermed er Hødd ute av Cupen i andre runde.

Tøff motstand

Hødd har så langt ikkje fått det til å stemme skikkeleg i serien. To poeng på fire kampar luktar det ikkje svidd av, men onsdag kveld er det ikkje poeng som står på spel.

Då reiser Hødd til Haram for å møte 2.-divisjonslaget Brattvåg i andre runde i Cupen.

I første runde tok Hødd seg greitt vidare etter å ha slått 4.-divisjonslaget Godøy 6-1 borte. Brattvåg hadde heimekamp mot Florø og vann 2-1 etter scoringar frå Thomas Aarsund og Lamine Nekrouf. Hødd slo Florø 2-0 i ein treningskamp på Høddvoll tidlegare i år.

Ser ein på treningskampar, så har også Hødd eit solid favorittstempel før møtet med Brattvåg. Både denne og sist vinter har det blitt storsigrar i møte med Haramslaget. I vinter vann Hødd heile 8-0 i ein treningskamp på Color Line stadion. I fjor enda det 5-1 på nye Høddvoll.

Denne sesongen spelar hardtsatsande Brattvåg i 2.-divisjon, etter å ha vunne 3.-divisjonsavdelinga si i 2015. Der vart det siger og uavgjort i dei to kampane mot Hødd 2.

Sereistarten til Brattvåg har vore lovande, og sjølv om det "berre" blei uavgjort i første heimekampen, 2-2 mot Hønefoss, står Brattvåg med sju poeng etter tre kampar. Laget har slått Byåsen 5-0 og Rosenborg2  4-0 på bortebane.

Det er dermed lite truleg at Brattvåg vil gå på same smellen no som dei gjorde i treningskampen mot Hødd i vinter.

Offisielle kampar Brattvåg:

  • Byåsen (B) - 5-0

  • Florø (H) - 2-1

  • Hønefoss (H) - 2-2

  • Rosenborg 2 (B) - 4-0

For der Brattvåg står utan tap i offisielle kampar denne sesongen, har ikkje Hødd vunne anna enn den nemte cupkampen mot Godøy.

Hødd sine fem siste:

Hødd og Brattvåg møttest sist i cupsamanheng tilbake i 2013. Då var det første runde, og Hødd tok seg vidare etter ein 4-1 siger. Både i 2014 og 2015 møtte Hødd lag frå 2.-divisjon i andre runde. I 2014 gjekk Hødd på ein skikkeleg smell, då Florø vann 5-1 på Høddvoll, medan Hødd tok seg forbi Fana i andre runde i 2015.

Både Brattvåg og Hødd spelte kampar i Trøndelag sist serierunde, men der Hødd møtte Levanger sundag kveld, spelte Brattvåg mot Rosenborg 2 fredag. 2.-divisjonslaget har dermed hatt eit par dagar ekstra å kome seg på, men Hødd skal ha ein breiare tropp enn Brattvåg. Til kampen mot Godøy gjorde Hans-Erik Eriksen heile ni endringar frå kampen før. Om det blir like mange mot Brattvåg står att å sjå.

Vi oppdaterer undervegs i kampen med dei viktigaste hendingane frå Brattvåg - Hødd.