Det var mange i Hødd-leiren, både blant spelarar og trenarar, som sperra opp auga litt ekstra torsdag morgon. Tre dagar før seriestart var nye Høddvoll snødekt og laget si tredje siste trening før Hødd – Bryne sundag ettermiddag måtte gjennomførast på lita bane i Ulsmohallen.

Og sidan meteorologane melde at ein kunne få liknande forhold fredag var det nok mange som vart letta over ei grøn speleflate og gløtt av sol under Hødd si tidlege trening fredag.

– Ja, Høddvoll er finast med grønt dekke, smiler trenar Hans-Erik Eriksen.

Og då blir det også litt enklare for Hødd å førebu seg skikkeleg til det som ventar i første serierunde.

Har sjølvtillit

Sist sesong hadde Hødd få problem med å ta seg av sundagens motstandar. Borte vann dei blåkvite 4-1, medan Magnus Myklebust sørga for 2–0 med sine to scoringar på nye Høddvoll.

På ein spelsekvens under fredagstreninga til Hødd varta Myklebust opp med ei flott scoring, og høgrekanten er på ingen måte negativ til å score fleire mål mot Bryne.

– Eg gjentek gjerne det, men eg trur Bryne kjem til å gje oss ein veldig tøff kamp. Det er starten på sesongen og alt kan skje, men vi går inn i kampen med sjølvtillit og ønskjer å vise oss frå vår aller beste side, fortel Myklebust.

Frå lagoppstillinga som starta kampen mot Bryne i slutten av august 2015 er det truleg berre fire spelarar som kjem til å starte sundag; Torbjørn Kallevåg, Joakim Wrele, Robin Shroot og Magnus Myklebust.

Sidan sist er Fredrik Aursnes, Ole Amund Sveen, Aslak Falch reist vidare, medan spelarar som Jesper Törnqvist og Sondre Beite truleg startar på benken. Vegard Heltne er skadd, medan Steffen Moltu er suspendert i første serierunde. Magnus Myklebust meiner likevel at Hødd skal vere klare til å levere allereie sundag.

– Frå starten på oppkøyringa i januar og til no så har laget utvikla seg veldig mykje. Vi forstår kvarandre mykje betre og har skapt gode relasjonar i laget. Det viser også igjen i mange av kampane vi har spelt, at vi kan vere veldig gode.

Myklebust er samstundes inne på at det er på den siste tredjedelen, når ein nærmar seg motstandar sitt mål at ein møter dei største vanskane.

– Det er det med å klare å skape mykje. Det håpar vi å gjere allereie på sundag.

Skal vere på frå start

For sist Hødd møtte Bryne tok det ei stund før det losna. Myklebust scora sitt første av to etter 74 minutt.

– Vi skal vere bra frå start denne gongen, det er læringa vi har teke med oss frå sist. Og så skal vi spele vårt spel og ikkje la oss stresse av noko som helst. Det må vi tore, slår Myklebust fast.

Hødd møter sundag eit Bryne-lag som har variert i prestasjonane fram mot seriestart.

Laget har mellom anna tapt 4–1 mot Viking, spelt uavgjort mot Sandnes Ulf og slått Jerv og Raufoss.

I generalprøven mot 2.-divisjonslaget EIK vart det uavgjort, i ein kamp der spesielt førsteomgangen var svak frå Bryne. Laget er mellom anna forsterka gjennom Patrick Byskata, ein spelar som kunne hamna i Hødd før 2014-sesongen.

– Vi har bra kontroll på kva vi skal møte og har motspel mot det. I tillegg skal vi vere ekstra skarpe på det som er våre styrker, fortel Hans-Erik Eriksen.

Vikebladet Vestposten følgjer kampen LIVE på Vikebladet.no. Kampstart er søndag klokka 18.00.

Magnus Myklebust laga ei flott scoring under Hødd si fredagstrening på nye Høddvoll. Han var også tomålsscorar sist Hødd møtte Bryne, og ser ikkje mørkt på å score fleire mål for Hødd også denne gongen. Dersom du ikkje får med deg første serierunde på stadion, kan du få oppdateringar undervegs på Vikebladet.no. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes.