Ein tydelig glad og fornøgd Hareidsgjeng gjekk rett etter kampen opp på podiet for å ta i mot sin gullmedalje. Jubelen ljoma over Ekebergsletta då kaptein Håvard Mork Breivik løfta trofeet.

- Deilig!

TV2-journalisten Jan Henrik Børslid intervjua tre Hareidsgutar med breie smil etter dei hadde motteke gullpokalen.

- Det er deilig. Alt gjekk så fort, men det var deilig å få dei inn, kommenterer Kim-Andre Lid Alvestad om sigeren og dei to scoringane.

Børslid spør om han kan fortelje litt om Hareidslaget, og då kjem det momentant frå Alvestad:

- Vi er ein "golljgjeng" frå ein kanonplass. Det er så deilig å vere på lag med slike folk.

Den store toppscoraren gjennom turneringa, August Brandal, gler seg over sigeren.

- Det er første gang vi vinn Norway Cup, og det er så deilig, seier Brandal og legg til:

- Det er akkurat slik det skal gjerast.

- Gutane har vore flinke heile vegen

Ein tydelig fornøgd trenar Rune Holstad har ikkje anna enn godord å seie om gutane på laget.

- Dette er utrulig artig. Det var ikkje så mange som hadde tenkt at vi skulle nå heilt til topps då vi reiste nedover, seier trenar Rune Holstad på telefon frå Ekebergsletta og legg til:

- Gutane har vore flinke heile vegen. Og ikkje har vi eit einaste kort i løpet av turneringa. Elles har dei fått restituert slik dei skal.

Sigeren i dag kom likevel ikkje av seg sjølv, for Hareidsgutane møtte eit godt teknisk lag i Førde i finalen. Hareidtrenaren legg ikkje skjul på at det var ein tøff kamp:

- Det satt langt inne i dag. Gutane var slitne, men det var heldigvis det andre laget også. Kanskje Førde hadde eit lite overtak i perioder av kampen, vi låg no mellom anna under 2-1 ei periode. Vi har aldri lege under før, så vi var litt spent på korleis dei ville takle det, seier Holstad.

Men det takla gutane fint. Gutane utlikna etter å ha ligge under i berre tre minutt, etter ei scoring av August Brandal. Seinare i det 37. minutt kom målet som skulle avgjere kampen, då Kim-Andre Lid Alvestad tok seg gjennom Førde-forsvaret, og klinka inn sigersmålet som sikra Hareid 3-2 sigeren.

- Gutane er veldig blide og fornøgde no. Det er eit veldig godt lag med god moral, fortel trenar Holstad.

Gutane rekk ikkje noko storfeiring i Oslo før avreise, men trenaren reknar med ei markering når dei er heimkomne på Hareid.

- No feirar vi med lunsj på Ekeberg og etterpå reiser vi rett tilbake til skulen. Så vert det ein kjapp dusj før fleire tek turen heim allereie i ettermiddag, medan andre skal ta nattbussen i kveld. Men eg reknar med det vert ei markering når vi kjem heim, seier han til slutt.