* Hareid G14 (11-ar) vann 4-1 mot Veblungsnes i 1/32-finalen i A-sluttspelet. I morgon klokka 12.50 møter dei Årvoll i 1/16-finalen. At Hareid smågutte spelar 1/16-finale er faktisk ei ganske så stor bragd. Gutelag frå Hareid har tidlegare nådd 1/16-finale i A-sluttspel for 11-arlag, men aldri kome lenger. Dermed tangerer årets G14-utgåve ein rekord - minst. * Hødd G14 (11-ar) rauk ut i 1/32-finalen. Ørn-Horten vann med siffera 5-1. * Hødd sitt J14-lag (11-ar) imponerer stort i A-sluttspelet. I dag vann dei 5-0 to gonger, den siste i 1/16-finalen mot Soon. I morgon spelar jentene 1/8-finale mot Fossum klokka 15.30. * Hødd G16 (11-ar) vann knepent 1-0 mot Asker i 1/32-finalen. I morgon klokka 14.20 møter dei Oppsal i 1/16-finale. * Hødd sitt G16 sjuarlag deltar i B-sluttspelet. Der er dei klare for kvartfinalen, etter å ha slått Ålgård 2-1 i dag. I morgon klokka 10.40 møter dei Hellvik i kvarten.