- Nei, æsj, eg berre spyr av tanken på å skulle ta den straffa. Eg hadde scora, men eg ville helst sleppe, seier Standal til Vikebladet Vestposten.
- Du var ikkje bekymra for Andreas, som har bomma på straffe for Larsnes/Gursken i 3.-divisjon?
- Neida, han fiksa det han. Ingen problem, smiler Standal.
- Mykje energi
Han kom inn som innbytar for målscorar Kjell Rune Sellin seks minutt ut i første ekstraomgang og jobba som ein galeislave på Ullevaal.
- Eg hadde utruleg mykje energi. Eg kunne heilt sikkert ha sprunge slik i 120 minutt også.
- Korleis blir festen?
- Vi skal feste og ha det kjekt. Det blir brennevin og forskjellig anna, røper Espen Standal.
Opplevinga set spor
Ruben-Kenneth Brandal kom aldri på bana i finalen og følgde derfor kampen frå innbytarbenken eller i oppvarming.
- Dette er noko av det største eg har vore med på. Det var kanon. Vi hadde slått FK Haugesund og Brann, og visste derfor vi kunne ta Tromsø også. Det er heilt vanvittig at vi klarte dette. Opplevinga set spor langt inn i hjerterøtene mine, seier ein nøgd Brandal.
- Korleis blir festen?
- Det blir å ta seg eit par lettøl og satse på å få nok kvile og restitusjon i kveld, varslar 22-åringen.
Avslutta med gull?
Christian Mork måtte følgje kampen frå tribunen saman med dei andre vraka Hødd-spelarane, men har vore på bana i cupen tidlegare. Dermed vart også 19-åringen frå Hareid norgesmeister i fotball sesongen 2012.
- Det var nervepirrande å sjå kampen frå tribunen, sikkert verre enn for dei som spelte. Men då eg såg Andreas scora var det ”klikk i haud”. Heilt rått, fortel Mork, som har tilbod om å bli i Hødd, men truleg vel å halde fram fotballkarrieren i ein annan klubb. Tidlegare i haust prøvespelte Mork med Follo.
- Er du ferdig i Hødd no, Christian?
- Først skal eg nyte dette gullet. Så kan vi komme tilbake til mi framtid om eit par dagar.