Søndag føremiddag avsluttar Hødd årets Adeccoliga med bortekamp mot Bodø/Glimt. Vinn Hødd er dei uansett klare for ein ny sesong på nivå to i norsk fotball. Taper Hødd må dei håpe at anten Strømmen, Tromsdalen eller Bryne gjer det same. Før den siste runden har Hødd like mange poeng som Tromsdalen og Bryne, men betre målskilnad. Strømmen ligg på den øvste nedrykksplassen eitt poeng bak dei tre nedrykksrivalane. Det er med andre ord mykje som skal gå gale om Hødd skal rykke ned. Men for å vere på den sikre sida bør blåtrøyene slå Bodø/Glimt.

Her er troppen som reiser til Bodø tidleg laurdag morgon, og som skal trene på Aspmyra ut på føremiddagen:

Ørjan Håskjold Nyland, Jan Lennart Urke, Akeem Latifu, Fredrik Klock, Steffen Moltu, Victor Grodås, Sivert Heltne Nilsen, Fredrik Aursnes, Pål André Helland, Espen Standal, Vegard Heltne, Erik Sandal, Thomas Lid Kleppe, Andreas Rekdal, Eirik Heltne, Kjell Rune Sellin.

Vi merkar oss at Pål André Helland er tilbake etter å ha stått over med tre gule kort mot Sandefjord sist runde.

Følg med på vikebladet.no i kveld og i morgondagens papirutgåve for meir Hødd-stoff.

Les også:

* No kan du smile, Lars Arne!

* Siger mot Sandefjord

* Heltne vart ti kilo lettare

* Kampen går på TV