Det blei eit Møre og Romsdal-oppgjer i klasse W på Ekebergsletta i år. Træff mot Hødd. Moldensarar mot sunnmøringar.

– Det var ekstra godt å slå dei. Å tape for Træff hadde vore surt, seier Ragnhild Ertesvåg til Vikebladet.

Hødd-jentene gikk hardt ut og pressa fram fleire skot frå distanse, men ballane gjekk utanfor. 20 minutt ut i kampen klarte endeleg Ragnhild Ertesvåg å lure Træff-målvakta. Dei grøne frå Træff klarte ikkje å true Hødd-målvakta nemneverdig, og Hødd leia fortent 1-0 til pause.

– Det var ikkje vår beste kamp, det har vore ei tøff veke, seier målscorar Ertesvåg.

Etter pause heldt Hødd fram og Træff kom ikkje til mange farlege situasjonar. Ni minutt før slutt var Ertesvåg igjen frampå, og dobla til 2-0. På Hødd-benken var det ekstase, men ingen tok noko for gitt.

Med mindre enn to minutt igjen på kampuret blei Angelica Vattøy spelt fri åleine med målvakta og den Fortuna-klare 17-åringen trilla ballen kaldt forbi Træff-målvakta. Turneringssigeren var hennar siste kamp for Hødd, og ho sluttar seg til Fortuna-stallen når ho kjem heim.

I realiteten var kampen over og Træff si trøystescoring i sluttsekunda blei berre av estetisk betyding. Eit frispark frå langt hald blei sendt med rakettfart og i Hødd-målet.

Kampen gjekk direkte på TV2 Sport fredag ettermiddag.

Vikebladet Vestposten kjem tilbake med video-reportasje frå kampen.

Sjå også: Hareid rauk ut i semifinalen

Sjå også: Resultat frå sluttspelet

Sjå også: Resultat frå innleiande spel