Fredag morgon skriv Hødd på sine nettsider at Bam Hide og Håkon Botn Brautaset begge er henta opp i a-stallen. I tillegg skal Gustav Dimmen trene mykje med a-laget utover hausten.

- Bam har hatt ei veldig god utvikling, han har prestert godt i kampane gjennom heile vårsesongen og han har vore god på trening. Han har spennande ferdigheiter med ball, flink å skape ubalanse, men er også god i gjenvinningsfasa. Håkon fikk seriedebuten sin på A-laget i fjor haust i ein kamp han vart matchvinnar, og var nær ein plass i A-stallen før han fikk skaden rett før seriestart. Håkon har jobba hardt og målbevisst for å kome tilbake og fortjener å få sjansen i A-stallen no i haust. Han kan spele både spiss og venstre kant/vingback. Gustav er ein spelar med sin spisskompetanse i forhold til hurtigheit og fysikk, han er uredd og tøff i stilen, noko som også har resultert i nokre skadar. Gustav skal i tida framover styrast i forhold til både mengde og intensitet og blir med både på A-laget og rekrutt i den komande perioden, seier sportssjef André Nevstad til Hødd sine nettsider.