Hasundgot IL gjekk på tap for Sæbø i serieopninga, men onsdag kom sesongens første siger. Åmdal vart slått 3-1 på Hasundgot stadion.

Heimelaget gjekk opp i føringa etter 17 minutt, etter scoring ved kaptein Nicolai Haddal Molvær.

1-0 stod seg til det var spelt 68 minutt, då Heine Ljones Kulø dobla leiinga for Hasundgot.

Dei to siste scoringane var det bortelaget som stod for, men med sjølvmål etter 84 minutt vart scoringa til Åmdal minuttet seinare berre som trøystemål å rekne.

Hasundgot vann kampen 3-1. Neste test for Hasundgot er borte mot Volda 3. Den kampen går 3. mai.