Søndag deltok Elvebu og Varhaug under NM i styrkeløft i Askimhallen. Begge imponerte stort under stemnet, og begge kunne reise heim med gull i bagasjen!

- Dette var utruleg imponerande av både Tommy André og Filip Andreas, og viser at vi har store talent innan styrkeløft også her på øya, seier Simon Einang til Vikebladet Vestposten.

Einang eig og driv Exivo treningssenter på Hareid, der begge gutane trenar til vanleg, og er også hjelpetrenar til tider. I konkurransen representerte Elvebu og Varhaug den kjende vektløftingklubben Sjøholt Atletklubb.

Vann samanlagt etter kjempeløft

16-år gamle Tommy André Elvebu deltok i minus 83 kilos-klassen, der han konkurrerte mot 10 andre utøvarar. Tradisjonelt sett er dette blant dei tøffaste klassene på ungdomsnivå, då det ofte er mange deltakarar med. Men, karen frå Hareid triumferte over konkurrentane sine. Han løfta heile 182,5 kilo i knebøy, 125 kilo i benkpress på fyrste forsøk og i markløft løfta han enorme 230 kilo på sitt andre løft. Han var ikkje best i knebøy og benkpress, men desidert best i markløft, og tok med det samanlagtsigeren. Han kom også på ein femteplass totalt blant alle ungdommane som stilte i NM, basert på såkalla Wilkspoeng (ein formel for utrekning av styrken til ein vektløftar samanlikna med andre vektløftarar, uavhengig av vektklasser).

- Tommy André sikta seg eigentleg inn på å ta norgesrekorden i benkpress i sin ungdomsklasse, ein rekord som i dag ligg på 135 kilo. Men han blei litt gåen i ryggen, så vi bestemte oss for at han heller skulle roe litt ned. Det enda likevel veldig bra, då han tok ein samanlagtsiger, seier Simon Einang nøgd.

Smadra alle tre norgesrekordane

Filip Andreas Varhaug (17) gjorde noko heilt spesielt under NM i Askim. Han vann alle tre øvingane i konkurransen, og det ved å knuse dei tidlegare norgesrekordane i  øvingane.

Varhaug konkurrerte i minus 59 kilos-klassen. I knebøykonkurransen klarte han norgesrekord då han løfta heile 136 kilo i sitt tredje løft. Over dobbelt så tungt som hans eiga kroppsvekt! I benkpress starta han med eit løft på 85 kilo. Norgesrekorden var før konkurransen på 82,5 kilo, så også her var det rekordsmadring på gang. I hans andre løft klarte han heile 90 kilo, og forbetra med det sin eigen rekord ytterlegare.

- Han har klart 92,5 på trening, men det gjekk ikkje på det tredje løftet i denne konkurransen. Uansett, han har meir inne, seier Simon Einang.

På opningsløftet i markløft slo Filip til med 157,5 kilo, 7 kilo over den dåverande norgesrekorden. Han forbetra den like godt med ytterlegare ti kilo på sitt andre løft.

Varhaug har Markus Håvik som hovudtrenar.

Måtte ned i vekt for å bli klar

Vektløfting krev mykje trening, dedikasjon, kunnskap og tolmod. For å kvalfisere seg til NM måtte både Tommy André og Filip Andreas konkurrere i ein vektklasse over den dei konkurrerte i under meisterskapet. Så måtte dei begge ta av fleire kilo for å kome under vektmåla i klassene dei var påmelde i under NM.

- Tommy tok av ti kilo, medan Filip gjekk ned seks kilo før NM. Dei har verkeleg jobba knallhardt for å få det til, og det er kjekt å sjå at arbeidet betaler seg, seier Simon Einang avslutningsvis.

Sjå video frå Tommy og Filip sine markløft i videovindauga til høgre på sida. Klipp ved Simon Einang, video frå livestreamen til meisterskapet i Askim.