Oppsummering fyrste omgang

* Fyrste store sjanse kom etter om lag 9 minutt. Stabæks Fredrik Brustad fekk med seg ballen inn i feltet, men stolpen stod i vegen. Like etter kunne Joachim Magnussen svare, men headinga hans gjekk rett på keeper Mande Sayouba.

* Erik Sandal kom etter 15 minutt i ein god avslutningsposisjon. Keeper Sayouba redda greitt.

* På eit frispark utanfor 16-meteren banka Erik Sandal til. Ballen small i tverrliggaren før den gjekk ut til utspark. Eit lite minutt seinare small Pål André Helland ballen i nettveggen.

* Herman Stengel prøvde lukka etter 41 minutt, men Andreas Lie redda meisterleg på nærmaste stolpe.

* Ein kjempesjanse til Stabæk vart klarert på streken av Latifu.

Oppsummering andre omgang

* Det tok om lag 5 minutt av den andre omgangen før målet skulle kome. Ungguten Fredrik Aursnes tok i mot ei pasning frå Espen Standal og lobba inn 1-0 frå skrått hald.

* Etter to skåringar mot HamKam var sjølvtillita høg hjå Akeem Latifu, som i det 68. minuttet prøvde å skyte frå om lag 20 meter. Skotet gjekk via eit Stabæk-bein og til hjørnespark.

* Helland kom i god posisjon til å auka leiinga i det 76. speleminuttet, men skotet hamna på feil side av stolpen.

* Ein kjempesjanse for Helland endar med frispark i mot og gult kort på trønderen etter 83 minutt. Kunne ha punktert kampen i den situasjonen.

Kampfakta

Adeccoligaen, runde 4Hødd - Stabæk 1-0 (0-0)Høddvoll1452 selde billettar og sesongkortMål: Fredrik Aursnes (51)Dommar: Jan Morten Tennøy, Nore Neset ILGule kort: Pål André Helland, Vegard Heltne (Hødd). Anders Trondsen (Stabæk)

Hødd (4-2-3-1): Andreas Lie - Akeem Latifu, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Ruben Kenneth Brandal - Fredrik Aursnes, Sivert H. Nilsen - Pål André Helland (Andreas Rekdal, 90), Erik Sandal, Joachim Magnussen (Vegard Heltne, 82) - Espen Standal (Rune Ertsås, 90)

Stabæk (4-4-2): Mande Sayouba - Timmi Johansen, Micolai Næss, Bjarte Haugsdal, Ville Jalasto - Fredrik Brustad, Adnan Haidar (Luc Kassi, 75), Herman Stengel, Anders Trondsen - Franck Boli, Mads Stokkelien