8. september skreiv Vikebladet Vestposten at åtte Hødd-spelarar har kontraktar som går ut etter denne sesongen. Dette gjeld:
* Christian Mork
* Jan Lennart Urke
* Andreas Rekdal
* Elias Nonso Lala
* Kazeem Ahmed
* Ørjan Håskjold Nyland
* Kjell Rune Sellin
* Eirik Heltne
Lite aktivitet
Ifølgje sportssjef André Nevstad har det vore heller lite aktivitet i høve kontraksforhandlingar med desse spelarane.
- Det har ikkje skjedd nemneverdig sidan sist sak om spelarstallen. Vi har gitt dei fleste beskjed om at vi tek opp igjen tråden etter cupfinalen. Kva divisjon vi skal spele i neste sesong har vore eit uavklara moment lenge. No er det klart, men samtidig blir det feil fokus å halde på med dette i dagane inn mot cupfinalen. Det har vi møtt forståing for. Vi har 14 spelarar som har kontrakt med oss i 2013 eller lengre. I tillegg til å diskutere med ein del av dei som ikkje har kontrakt neste år, kan det også bli aktuelt å forlenge med nokre av dei som har kontrakt, seier Nevstad til lokalavisa.
Han kan ikkje svare på om nokon av dei åtte nemnte spelarane "definitivt" sluttar.
- Gode sjansar
Eirik Heltne seier dette om kor vidt han held fram i Hødd eller ikkje:
- Eg har fått beskjed med Hødd om at eg vil få eit tilbod etter cupfinalen. Så eg kan ikkje her og no svare på om eg held fram i Hødd, men eg trur sjansane er gode.
Nyland og Mork reiser?
Vikebladet Vestposten har tidlegare skrive om Christian Mork sin situasjon vidare. Han har fått tilbod om ei forlengjing, men ventar med å svare ja eller nei. Mork trena med nyopprykka Follo tidlegare i haust.
Kjell Rune Sellin er henta inn på lån frå AaFK ut sesongen. Han har kontrakt med oransjetrøyene ut 2013.
Ørjan Håskjold Nyland er jakta av fleire andre klubbar, og vil venteleg offentleggjere framtidsplanane sine etter cupfinalen 25. november.
Det same gjer nok Fredrik Klock. Slik vi forstår det har Hødd-kapteinen ein "eitt år om gongen-kontrakt", som gjer at han kan hoppe av karusellen etter ein fullført sesong dersom han ønskjer det.
Andreas Rekdal vart signert frå Larsnes/Gursken like før overgangsvindauget stengte 1. september. Vi vil tippe at skadehistorikken hans er ein viktig grunn til at sandssokningen i første omgang berre signerte ein avtale med Hødd ut året.
Desse har kontrakt med Hødd ut 2013 eller lengre:
Steffen Moltu, Thomas Lid Kleppe, Ruben-Kenneth Brandal, Vegard Heltne, Ørjan Engen Grimstad, Espen Standal, Erik Sandal, Sivert Heltne Nilsen, Pål André Helland, Victor Grodås, Akeem Latifu, Bendik Torset, Fredrik Aursnes, (Fredrik Klock).
Les også: